Tysnes, Årbakka


Årbakka Handelsstad ligg lunt til ut mot Onarheimsfjorden. Ein klassisk vestlandsk landhandel – velstelt og i god stand, med krambu, smie og sjøbu. Den vart etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 vart handelsverksemda flytta opp til hoveudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet. Årbakka har også gjestekai med tilgang til vatn og straum, dusj og vaskemaskin.

Bygningar og stad med kulturhistorisk og antikvarisk verdi. Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad, med handelsbu, smie og sjøbu. Den blei etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 blei handelsverksemda flytta opp til hovudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet. I sjøbua er det plata mellom veggstolpane for å gjere lokalet eigna til kunstutstillingar. 

Bygningar: sjøbu/galleri, kystlaget si utstilling i smio, og handelslokala i første høgda i hovudhuset. Det som skil denne handelsstaden frå andre liknande tiltak, er at den er næraste nabo til eit gravfelt frå eldre jarnalder med fleire bautasteinar. 

Om sommaren har Tysnes Kystlag permanent utstilling i smio, i sjøhuset er det kunstutstillingar. På vegen ned mot området står ei informasjonstavle. Følg Årbakka Handelsstad på Facebook for oppdateringar og arrangement. God parkering (òg for bussar) 30 meter frå anlegget, skilting ved hovudvegen. I den gamle butikken kan ein få kjøpa kaffi og vaflar, gammaldagse drops og sukkerkandis, is og handverksprodukt. 

Her kan ein legge til langs gjestebryggja med eigen båt! Dersom du ynskjer å padle i Onarheimsfjorden, kan du leige kajakk ved Årbakka Handelsstad.

Årbakka er også et godt utgangspunkt for tur opp til Hovlandsnuten ca 726moh.

# Årbakka på Facebook .. >>

# Årbakkahandelsstad..no >>


Foto & copyright alle bilder: Rune Haugseng (bilder tatt i 2018 & 2022)


Powered by SmugMug Owner Log In